måndag 18. februar 2013

Ivar Aasen-tunet

Ivar Aasen-tunet ligg i Ørsta. Det er eit fantastisk bygg som dei fleste her er svært stolte av. Første gong eg vitja Ivar Aasen-tunet var like etter opninga sommaren 2000. Å kome inn i dette kunstverket av eit byggverk, var ei oppleving eg aldri gløymer. Materiala betong, eik og glas gjev ei unik atmosfære og eit arkitektonisk uttrykk av dei skjeldne. Arkitekten bak er professor arkitekt MNAL Sverre Fehn (1924-2009). Han var ein av dei dyktigaste arkitektane her til lands, og den einaste norske arkitekten som nokbn gong har vunne Pritzker-prisen, som er arkitektane sin "nobelpris". Kvart år kjem det mange utanlandske turistar til Ivar Aasen-tunet - ikkje for å studere Ivar Aasen-samlinga, men sjå og oppleve bygget.










søndag 17. februar 2013

Tradisjonar

Eg er nok eit tradisjonsmenneske. Eg synst det er viktig å føre tradisjonane vidare, men eg endrar og tilpassar dei gjerne til sånn eg vil ha det. Av kvardagstradisjonar krev jentene (nesten) å få taco til fredagsmiddag. Laurdagane vil dei helst ha heimelaga pizza. Når me er på hytta, MÅ me ha med pølser som me spiddar på bål ute.

Til jul bakar eg ikkje sju sortar, men berre dei eg likar aller best. Dei fleste oppskriftene har eg med meg heimanfrå. Ungane er svært opptekne av at me må ha dei same sortane som me hadde i fjor. Det same gjeld pynting: Juletreet må helst overpyntast.


Nyttårsafta har det blitt ein tradisjon at me og ein vennefamilie frå Volda feirer saman. Då er det full pakke med julemiddag, overnatting og frukost dagen etter. Kvar sommar er me ti (fire voldingar og me seks ørstingar) på feire saman, minst ei veke. Årets ferie går til deilige Danmark. I fjor var me i Sverige og året før på hyttetur i heimtraktene. Jentene her og der streikar dersom det vert brot på desse tradisjonane. I romjula sette voldajentene føtene ned mot foreldra, som var slitne og ønska ei roleg nyttårsafta. Korleis kunne dei?! Det enda med at dei kom. Slik er tradisjonen, nemleg!

Familien min


Hadde farmor levd i dag, ville ho nok sagt at eg var velsigna med fire flotte jenter. Og med fire flotte og aktive jenter, og ein engasjert far i huset, vert det mindre tid til eigne aktivitetar. I haust slutta eg i damekoret Lyst for å få meir tid i lag med familien og tid til å følgje dei opp. Eg er passivt medlem i Ørsta Husflidslag, og joggeskoa har ikkje vorte utslitne dei siste månadane. 

Dei to største jentene mine er aktive i friidrett og langrenn. Elles styrer me med piano, ballett, fotball, handball og speidar - fint fordelt mellom dei tre største. Olve er trenar og leiar i friidrettsgruppa, og eg har etterkvart utvikla meg til ein god "heiar" :-) 

Åse klar for å kaste spyd. Lillehammer 2012.

Guro jublar for eit godt resultat.

Mari som Fridjof Nansen.

Ragne, alltid i farten...

Det vert ein del køyring hit og dit, og mange ulike treningsklede i fleire storleikar, spreidd ut over fleire rom. Vaskerommet er nesten blitt det viktigaste rommet i huset - her skal alt av sko og idrettsklede ha sin faste plass, men som oftast rådar det totale kaoset der inne. Eg skulle gjerne vist bilete, men tenkjer dei fleste har sett eit rotet vaskerom før... 

fredag 15. februar 2013

Hjarte av ull

Eg er utruleg glad i å bruke og skape med hendene. Det kjekkaste av alle aktivitetar, er å strikke. Eg strikkar alt mogleg og prosjekta er mange. Sist veke hadde eg ein kikk i tølene mine, og fann vel ut at det er på tide å konsentrere seg om å ferdigstille prosjekt framfor å begynne på nye.

I bokhylla står ei rekkje strikkebøker, og som ein ekte strikkar er eg medlem av ravelry.com.

For å illustrere kva kjensler eg har for strikketyet, laga eg dette hjartet. Hjarte av ull, sa mannen min om meg då han såg det. Med det meinte han at eg sprer hjartevarme. Det var jo eit fint kompliment!


Strikking er ein fin aktivitet som eg gler meg til å bruke i skulen. Eit kompetansemål etter 4.klasse i kunst og handverk er at eleven skal kunne lage enkle gjenstadar gjennom å strikke, veve, filte, sy, spikre og skru i ulike materialar. Eg er medlem av Norsk Husflidslag, og eit langsiktig mål er å verte aktiv vaksen i Ung Husflid.