torsdag 4. oktober 2012

Skautet mitt

Eg er frå Hardanger. Og har hardangerbunad. Så klart! Dei aller fleste jentene i Hardanger får bunad til konfirmasjonen, og dei aller fleste er svært stolte av bunaden sin. Eg er ei av dei. Då eg gifta meg med Olve i 2000, var han fast bestemt på å bruka bunaden sin, så fekk eg velgja sjølv - kvit brur, eller bunadsbrur! På næraste nabogarden heime i Jondal har dei ei nydeleg sølvkrune frå 1853. Eg fekk koma bort og prøva, kruna passa perfekt og eg var ikkje i tvil - eg skulle vera krunebrur.

Det følgjer ein del tradisjonar med eit bunadsbryllaup i Hardanger. Ein av tradisjonane er at brura vert skauta ved midnatt - då er det av med kruna og på med koneskaut. Dette var ein av tradisjonane eg førte vidare. Skautet (eller skauta) fekk eg av besto mi. Skauta er gamle, så gamle at besto ikkje hugsa at dei hadde vore i bruk. Begge skauta har brodert ein Å i eine hjørnet, noko som fører oss til garden Åsen, som tippoldefaren min eigde før han flytta til over fjorden til Selsvik. Skauta var svært fine, men skitne og ikkje stiva. Eg kontakta ei eldre bunadskone som tok på seg jobben med å laga dei klare. Valken, ei treplate som står på hovudet og som skautet er knytt over, var for liten til meg, men med litt sandpapir og nål og tråd, passa han godt på hovudet mitt.


Eg har brukt skautet nokre få gonger etter at eg gifta meg. Det er ikkje akkurat eit enkelt plagg å ta på seg, og det er svært upraktisk å bæra viss ein skal køyra bil. I Jondal er det berre gamle koner som brukar skaut, men eg tenkjer at det er viktig å ta vare på tradisjonen, sjølv om eg bur på Sunnmøre.

Her og her får de eit lite innblikk i korleis skautet vert sett på.

Linda.
Stolt og audmjuk eigar av to gamle skaut.




måndag 1. oktober 2012

Ny blogg

No har eg oppretta ein blogg der eg skal skriva om min eigen kultur og kva eg legg i omgrepet kultur. De som les bloggen min framover, kjem til å bli godt kjent med meg - Linda - småbarnsmora, kona, Harding busett på Sunnmøre, geografen, lærarstudenten, kunst-og handverkstudenten, strikkaren, korsongaren og mykje meir. Alle innlegga her inne er ein del av eit arbeidskrav i Pedagogikk og elevkunnskap, GLU1-7 utdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Parallelt med blogginga skal eg byggja kulturhuset mitt som ein fysisk gjenstand. 

Eg er ikkje ny i bloggverda. Allereie for åtte år sidan laga eg min første blogg. Det var ein blogg om handarbeid, hus og heim. Eg blogga flittig nokre år, men vart så stressa av å tenkja på publisering, hugsa å ta bildete og få produsert ein lesbar teksta, at eg gav opp og bloggen vart sletta. Då me flytta til Sunnmøre (fem år sidan) laga eg ein ny blogg med tanke på å halda kjære kjente oppdaterte om livet i Ørsta. Bloggen var i live ei stund, men ligg no død ute på den store verdsveven. Når eg no startar på nytt, og enda til av plikt, er eg spent på korleis dette skal gå. 

Så då gjer eg som mange av dokker andre har gjort (der greidde eg jammen å snika inn noko frå dei nye rettskrivingsreglane i nynorsk også); eg opnar med dette bloggen min! 


Linda