No har eg oppretta ein blogg der eg skal skriva om min eigen kultur og kva eg legg i omgrepet kultur. De som les bloggen min framover, kjem til å bli godt kjent med meg - Linda - småbarnsmora, kona, Harding busett på Sunnmøre, geografen, lærarstudenten, kunst-og handverkstudenten, strikkaren, korsongaren og mykje meir. Alle innlegga her inne er ein del av eit arbeidskrav i Pedagogikk og elevkunnskap, GLU1-7 utdanninga ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. Parallelt med blogginga skal eg byggja kulturhuset mitt som ein fysisk gjenstand.
Eg er ikkje ny i bloggverda. Allereie for åtte år sidan laga eg min første blogg. Det var ein blogg om handarbeid, hus og heim. Eg blogga flittig nokre år, men vart så stressa av å tenkja på publisering, hugsa å ta bildete og få produsert ein lesbar teksta, at eg gav opp og bloggen vart sletta. Då me flytta til Sunnmøre (fem år sidan) laga eg ein ny blogg med tanke på å halda kjære kjente oppdaterte om livet i Ørsta. Bloggen var i live ei stund, men ligg no død ute på den store verdsveven. Når eg no startar på nytt, og enda til av plikt, er eg spent på korleis dette skal gå.
Så då gjer eg som mange av dokker andre har gjort (der greidde eg jammen å snika inn noko frå dei nye rettskrivingsreglane i nynorsk også); eg opnar med dette bloggen min!
Linda
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar